Studiet Pedagogikk
for bibliotekarer – ein stutt rapport
17. februar 2017:
Kjære dagbok. Jaja, livet går opp og ned og du veit da at jobben ikkje alltid kan vera morosam. Men – no har det gått usedvanleg trått usedvanleg lengje. Kjedeleg, kjedeleg, kjedeleg – uinspirert, tom, og i dag høyrde eg til min store skrekk meg sjølv seie «Nei, det har vi da prøvd før…». Åhhh, havnar eg DER? Neineinei - her må noko gjerast!»
Kjære dagbok. Jaja, livet går opp og ned og du veit da at jobben ikkje alltid kan vera morosam. Men – no har det gått usedvanleg trått usedvanleg lengje. Kjedeleg, kjedeleg, kjedeleg – uinspirert, tom, og i dag høyrde eg til min store skrekk meg sjølv seie «Nei, det har vi da prøvd før…». Åhhh, havnar eg DER? Neineinei - her må noko gjerast!»
Eg trengde noko å bryne meg på, nye tankar, ny kunnskap, og
noko nyttig som eg kunne bruke i jobben. Utlysinga av studium i pedagogikk for
bibliotekarar hadde liggji i bakhovudet ei stund. Informasjonskompetanse og
bibliotek-kunnskap har eg lyst til å gje elevane meir av. Lesestimulering og
litteraturformidling er vi faktisk ganske gode til. Men eg tykte at vi - til og
med der - gjekk litt på tomgang, og opplevde eit par episodar med minimalt
utlån etter godt førebudde bokpresentasjonar.
Pedagogikk altså – der måtte det da vera noko å hente!
Eg søkte og kom inn, var heldig å få stipend frå Hedmark
fylkesbibliotek og Delta, og gav meg i kast med studiet «Pedagogikk for
bibliotekarer» ved Høgskolen i Innlandet.
Smakk! Der var vi i gang – fire samlingar á to dagar på
Elverum, pensum-lesing, tre ganske store studieoppgåver og sjølvsagt eksamen. Dei
viktigaste tema på samlingane var: Grunnleggjande pedagogikk, det
sosiokulturelle læringssynet, digitale media og - læringsformer, didaktikk,
veiledning, feedback og etikk. Forelesningar, workshops og samtaler /
diskusjonar. Ein kunne sjølvsagt ikkje gå så djupt i kvart emne – det var eit
15 poengs-studium. Men vi fekk god oversikt og innblikk i dei forskjellige
tema.
Eit viktig fokus var lagt på å setja lærdomen i samband med
eigen yrkespraksis. I studieoppgåver og eksamen brukte vi teoriane i m.a. konkrete
undervisningsopplegg for eigne brukarar. Dette tykte eg var både lærerikt,
matnyttig og utfordrande. Refleksjon kring eiga utøving av yrket er absolutt
eit poeng. Nye undervisningsmetoder prøvde eg ut overfor 9. trinn, eit par
bokpresentasjonar fekk ny utforming etter å ha teke inn pedagogiske
grunnprinsipp frå Kierkegaard. Den sosiokulturelle læringsteorien og den
didaktiske relasjonsteorien – betyr det noko i min kvardag? Veiledningsbiten
hadde eg óg utbytte av. Overfor enkeltpersonar som skal ha boktips, i
diskusjonar med kollegaer og som sjef, trur eg det er mykje å hente i metodar
og tankegang innan temaet veiledning.
Vi kunne hatt meir tid med digitale læremiddel – eit stort
felt. Men - vi fekk gode tips om ressursar vi kan bruke, og fekk prøvd nokre av
dei i praksis. Kahoot, Padlet, Prezi og å lage video var alt nytt for meg, og
det var nyttig å få prøve det.
Artig, lærerikt og interessant var det å bli kjent med
medstudentane. Dyktige, forskjellige, motiverte, aktive og erfarne
bibliotekarar frå mange typar bibliotek: Høgskole, VGS, kombinasjonsbibliotek,
BIBSYS, helsebibliotek ved sjukehus og vaksenopplæring. Dei var trivelege og
inspirerande å vera saman med, og det var både diskusjonar og fliring. Det var
ein styrke med forskjellig bakgrunn, men óg kanskje ei utfordring å bygge opp
eit studium som skal femne så ulike arbeidsområde.
Dei som var rundt meg i studieoppgåve-vekene rapporterer om
ein god del sukk og stønn frå studiekammeret, uroleg trakking og kjære vene,
skal du drikke enda meir te?
For det var i perioder keitt, det var uvant å
analysere eigen yrkespraksis, grunngje og verkeleg tenkje over kva og kvifor eg
jobbar som eg gjer. Det kjendest til dels kunstig å relatere desse klassiske
teoriane til lesestunder med kidsa på 5. trinn. Nokre av tema vi var innom
måtte nødvendigvis bli ganske overfladisk, og sjølvsagt var ikkje alt like
relevant for alle.
Men eg er heilt sikker på at det var nyttig og at eg har
auka kompetansen på eit viktig område. Vi har gjort endringar i formidlinga, eg
merkar at eg tenkjer annleis og har meir fokus på eleven, og har lært nokre
teknikkar og metoder. Ikkje minst er det
ein styrke at eg som sjef på kombinasjonsbibliotek har eit visst innblikk i
grunnleggjande pedagogikk, og veit litt meir om kva lærarkollegiet pratar om.
Takk for stipendet frå Hedmark fylkesbibliotek, og lykke til
til nye studentar hausten 2018!
Anne Kristin Rødal
Kultur- og biblioteksjef i Os kommune, Nord-Østerdal
Kultur- og biblioteksjef i Os kommune, Nord-Østerdal