torsdag 28. juni 2018

Studiet Pedagogikk for bibliotekarer – ein stutt rapport v/ Anne Kristin Rødal kultur- og biblioteksjef i Os kommune


Studiet Pedagogikk for bibliotekarer – ein stutt rapport

 

17. februar 2017:   
Kjære dagbok. Jaja, livet går opp og ned og du veit da at jobben ikkje alltid kan vera morosam. Men – no har det gått usedvanleg trått usedvanleg lengje. Kjedeleg, kjedeleg, kjedeleg – uinspirert, tom, og i dag høyrde eg til min store skrekk meg sjølv seie «Nei, det har vi da prøvd før…». Åhhh, havnar eg DER? Neineinei - her må noko gjerast!»

Eg trengde noko å bryne meg på, nye tankar, ny kunnskap, og noko nyttig som eg kunne bruke i jobben. Utlysinga av studium i pedagogikk for bibliotekarar hadde liggji i bakhovudet ei stund. Informasjonskompetanse og bibliotek-kunnskap har eg lyst til å gje elevane meir av. Lesestimulering og litteraturformidling er vi faktisk ganske gode til. Men eg tykte at vi - til og med der - gjekk litt på tomgang, og opplevde eit par episodar med minimalt utlån etter godt førebudde bokpresentasjonar.

Pedagogikk altså – der måtte det da vera noko å hente!

Eg søkte og kom inn, var heldig å få stipend frå Hedmark fylkesbibliotek og Delta, og gav meg i kast med studiet «Pedagogikk for bibliotekarer» ved Høgskolen i Innlandet.

Smakk! Der var vi i gang – fire samlingar á to dagar på Elverum, pensum-lesing, tre ganske store studieoppgåver og sjølvsagt eksamen. Dei viktigaste tema på samlingane var: Grunnleggjande pedagogikk, det sosiokulturelle læringssynet, digitale media og - læringsformer, didaktikk, veiledning, feedback og etikk. Forelesningar, workshops og samtaler / diskusjonar. Ein kunne sjølvsagt ikkje gå så djupt i kvart emne – det var eit 15 poengs-studium. Men vi fekk god oversikt og innblikk i dei forskjellige tema.

Eit viktig fokus var lagt på å setja lærdomen i samband med eigen yrkespraksis. I studieoppgåver og eksamen brukte vi teoriane i m.a. konkrete undervisningsopplegg for eigne brukarar. Dette tykte eg var både lærerikt, matnyttig og utfordrande. Refleksjon kring eiga utøving av yrket er absolutt eit poeng. Nye undervisningsmetoder prøvde eg ut overfor 9. trinn, eit par bokpresentasjonar fekk ny utforming etter å ha teke inn pedagogiske grunnprinsipp frå Kierkegaard. Den sosiokulturelle læringsteorien og den didaktiske relasjonsteorien – betyr det noko i min kvardag? Veiledningsbiten hadde eg óg utbytte av. Overfor enkeltpersonar som skal ha boktips, i diskusjonar med kollegaer og som sjef, trur eg det er mykje å hente i metodar og tankegang innan temaet veiledning.

Vi kunne hatt meir tid med digitale læremiddel – eit stort felt. Men - vi fekk gode tips om ressursar vi kan bruke, og fekk prøvd nokre av dei i praksis. Kahoot, Padlet, Prezi og å lage video var alt nytt for meg, og det var nyttig å få prøve det.

Artig, lærerikt og interessant var det å bli kjent med medstudentane. Dyktige, forskjellige, motiverte, aktive og erfarne bibliotekarar frå mange typar bibliotek: Høgskole, VGS, kombinasjonsbibliotek, BIBSYS, helsebibliotek ved sjukehus og vaksenopplæring. Dei var trivelege og inspirerande å vera saman med, og det var både diskusjonar og fliring. Det var ein styrke med forskjellig bakgrunn, men óg kanskje ei utfordring å bygge opp eit studium som skal femne så ulike arbeidsområde.                                                                                                                            

Dei som var rundt meg i studieoppgåve-vekene rapporterer om ein god del sukk og stønn frå studiekammeret, uroleg trakking og kjære vene, skal du drikke enda meir te?

For det var i perioder keitt, det var uvant å analysere eigen yrkespraksis, grunngje og verkeleg tenkje over kva og kvifor eg jobbar som eg gjer. Det kjendest til dels kunstig å relatere desse klassiske teoriane til lesestunder med kidsa på 5. trinn. Nokre av tema vi var innom måtte nødvendigvis bli ganske overfladisk, og sjølvsagt var ikkje alt like relevant for alle.

Men eg er heilt sikker på at det var nyttig og at eg har auka kompetansen på eit viktig område. Vi har gjort endringar i formidlinga, eg merkar at eg tenkjer annleis og har meir fokus på eleven, og har lært nokre teknikkar og metoder.  Ikkje minst er det ein styrke at eg som sjef på kombinasjonsbibliotek har eit visst innblikk i grunnleggjande pedagogikk, og veit litt meir om kva lærarkollegiet pratar om.

Takk for stipendet frå Hedmark fylkesbibliotek, og lykke til til nye studentar hausten 2018!

 
 
 

Alle studentane på kullet
 
 
 
Anne Kristin Rødal
Kultur- og biblioteksjef i Os kommune, Nord-Østerdal

Ingen kommentarer: