Eg var truleg av dei aller fyrste som meldte seg på
Granitol. Dette ville eg vera med på! Eit svært godt og sprekt tiltak av
arrangørane!
Utbyttet var stort – eg kom – som målet var – heim med nye
tankar og idear, og følte verkeleg eit «løft» i arbeidskvardagen.
Foredraget til Lars Egeland var konkret og nyttig, mange
argument, tal og opplysningar eg kan bruke i mange samanhengar. Sterkt å høyre
Scott Bonner. Så viktig kan eit bibliotek vera! Og han vart verkeleg kasta uti
det, ny i jobben og alt.
Som bibliotek- og kultursjef i ein liten kommune, har eg
alltid meint at det er viktig fylgje med på kva dei store gjer. Det var
det rikeleg høve til på Granitol med interessante foredrag frå Dokk1 i Aarhus,
Bergen offentlege, Helsinki og Stockholm. Svært nyttig å få «historien om
Deichmann» óg – kva det eignetleg er som har skjedd der.
Dagen på Prøysen-huset var fantastisk. Gripande
Prøysen-stubbar og viser, og interessant å få omvisning og orientering frå
arkitekten.
Ikkje minst var det fine dagar saman med kollegaer. Vi fekk
tid til å treffe nye folk, prate med vener og kollegaer og høyre om kva andre
gjer. Vi i Nord-Østerdalen fekk diskutert og fekk mange idear til våre to
prosjekt i 2016/17 – ny «Kortreiste lesetips-turné» med litteraturformidling
for vaksne, og «Nysgjerrig», som er ei stor satsing på kunnskapsformidling på
høgt nivå til barn.
Håpar Granitol blir arrangert fleire gonger!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar