fredag 4. mars 2016

GRANITOL - festivalen 2016 - erfaringer og opplevelser

Skrevet av Anne Kristin Rødal, Os bibliotek

Eg var truleg av dei aller fyrste som meldte seg på Granitol. Dette ville eg vera med på! Eit svært godt og sprekt tiltak av arrangørane!

Utbyttet var stort – eg kom – som målet var – heim med nye tankar og idear, og følte verkeleg eit «løft» i arbeidskvardagen.

Foredraget til Lars Egeland var konkret og nyttig, mange argument, tal og opplysningar eg kan bruke i mange samanhengar. Sterkt å høyre Scott Bonner. Så viktig kan eit bibliotek vera! Og han vart verkeleg kasta uti det, ny i jobben og alt.

Som bibliotek- og kultursjef i ein liten kommune, har eg alltid meint at det er viktig  fylgje med på kva dei store gjer. Det var det rikeleg høve til på Granitol med interessante foredrag frå Dokk1 i Aarhus, Bergen offentlege, Helsinki og Stockholm. Svært nyttig å få «historien om Deichmann» óg – kva det eignetleg er som har skjedd der.

Dagen på Prøysen-huset var fantastisk. Gripande Prøysen-stubbar og viser, og interessant å få omvisning og orientering frå arkitekten.

Ikkje minst var det fine dagar saman med kollegaer. Vi fekk tid til å treffe nye folk, prate med vener og kollegaer og høyre om kva andre gjer. Vi i Nord-Østerdalen fekk diskutert og fekk mange idear til våre to prosjekt i 2016/17 – ny «Kortreiste lesetips-turné» med litteraturformidling for vaksne, og «Nysgjerrig», som er ei stor satsing på kunnskapsformidling på høgt nivå til barn.

Håpar Granitol blir arrangert fleire gonger!

Ingen kommentarer: